Bil hamna i elv
Ein bil har køyrt av vegen mellom Ulven og Lysekloster. Ingen vart skadd i uhellet.
Klokka 14.32 fekk politiet i Os melding om eit trafikkuhell mellom Ulven og Lysekloster. Uhellet skjedde i nærleiken av Fjellanger hundeskule.
- Ein bil har køyrt av vegen og har hamna i ei elv. Ingen vart skadd i uhellet, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uhellet skjedde i samband med at ein personbil måtte vika for ein større lastebil som kom i motsett køyreretning.
- Bilen kom for langt ut på vegaksla, opplyser Hadler-Olsen.
Politiet er på staden enno.
- Vi ventar på at bilen skal verta taua bort, fortel politioverbtjenten.