Best bak spakane
Om du trur noregsmeisterskapen i maskinkøyring berre handlar om hurtigheit og presisjon, tek du feil. HMS er minst like viktig.
- Det var fleire som fekk eitt minutt i tilleggstid fordi dei hoppa rett ut av maskina då dei var ferdige med oppgåva, seier nyslått noregsmeister, Even Skage (17).
Men 17-åringen som er elev ved VG2 Anleggsteknikk på Os vidaregåande skule, visste betre.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Når du skal ut av maskina, må du gjera det på ein spesiell måte, seier han.
Fredag gjekk noregsmeisterskapen i maskinkøyring av stabelen på Forus i Stavanger. Av 360 elevar på anleggsteknikklina rundt om kring i landet, var sju plukka ut til å delta. Even Skage representerte lina på Os vidaregåande skule, som for øvrig er ei landsline, og som dermed har elevar frå fleire stader i landet.
- Eg er nøgd med resultatet. I forkant av konkurransen var målet mitt å ikkje koma på sisteplass. Eg hadde ikkje lyst til å tapa, seier han.
Hinderløype
For å kåra den beste maskinkøyraren, måtte deltakarane mellom anna grava eit hol med ei gravemaskin. Holet skulle vera av ein viss storleik. Det skulle nemleg vera plass til ein kum nedi. På kvar side av kummen skulle det vera ein halv meters klaring. Massane ein grov opp skulle dessutan liggja éin meter frå kanten av holet.
Om kummen ikkje var i vater, vart elevane trekte for poeng.
- Det var om å gjera å fullføra oppgåva best mogleg på kortast mogleg tid. I tillegg måtte vi ta omsyn til tryggleiken då vi arbeidde, fortel Skage.
Då gravemaskinoppgåva var ferdig, var det rett over til hjullastaren. Her var målet å frakta ei bøtte med vatn frå A til Å, utan å søla ut alt for mykje vatn.
- Vi vart trekte eitt minutt for kvar liter vatn som forsvann frå bøtta. Vi skulle heller ikkje vera borti kjeglene i løypa, fortel 17-åringen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skage er den første eleven frå Os vidaregåande skule som har gått til topps i konkurransen. Det er utruleg stas, ikkje berre for hovudpersonen sjølv.
- Det er utruleg kjekt å ha ein elev som utmerker seg. Det seier noko om skulen, og kva undervisning som føregår her, seier avdelingsleiar for Bygg- og anleggsfag, Lasse Svellingen.
Flinke elevar
Os vidaregåande skule har fire anleggsteknikklassar med til saman 60 elevar. Faglærar Rune Nilsen fortel at det er eit høgt nivå på elevane som går på lina.
- Vi har 140 søkjarar til 60 plassar. Det krevst litt å koma inn her, seier han.
Med ein fersk noregsmeister i rekkjene, vert rekrutteringa kanskje endå betre.
- Vi har eit godt ord på oss i bransjen, seier Nilsen.
Og så var det den HMS-en då. Anleggsbransjen er ein utsett bransje. Og ifølgje lærarane går helse, miljø og tryggleik (sikkerhet) som ein raud tråd gjennom heile utdanningsløpet.
- HMS er ein viktig del av undervisinga heilt frå elevane startar på skulen, til dei går ut av døra her. Ein må heile tida vera på hogget, seier faglærar Frank Åge Iversen.
Artikkelen held fram under annonsen.
For Skage var det ikkje HMS som baud på dei største utfordringane i konkurransen.
- Det vanskelegaste var å køyra rundt med ei vassbøtte frampå hjullasteren, seier 17-åringen som meiner anleggsteknikklina er ei perfekt line for dei som ikkje er så interesserte i "vanlege" skulefag.
I premie får Skage reisa på tur i lag med Hesselberg Maskin til ein av Komatsu-fabrikkane i Europa.