Bergen Nord tar over båtsaka
Politiet i Bjørnafjorden har gitt frå seg saka og etterforskinga held fram i Bergen Nord.
Søndag 12. juli fekk politiet melding om ein båt som låg under vatn midt i Lysefjorden, mellom Nordstrøno og Krokeide. Måndag vart båten også meldt stolen av eigar.
Saka er no formelt oversend til Bergen Nord for vidare etterforsking opplyser politioverbetjent Martin Nordeide.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Bakgrunnen for dette er at eigaren meldte båten stole ved Eidsvåg, seier Nordeide.
Båten er også no formelt overtatt av forsikringsselskapet, som har foreløpig eigarforhold fram til saka er ferdig etterforska.