Ber om hjelp etter nok eit tilfelle av hærverk
– Hærverk har vore eit gjentakande problem den siste tida.
Det skriv dagleg leiar i Nøtteliten barnehage, Ingvild Vevle Chyba, på Facebook-sida «Søfteland Bygda».
Chyba bed samstundes om hjelp. Hjelp til å spreia informasjonen, og til å skapa ei felles forståing og respekt for barna sitt leikeområde.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I Nøtteliten barnehage brukar vi tid og pengar på å ivareta og vidareutvikla barna sitt uteleikeområde. Det er ei glede å sjå at det vert verdsett, både av barnehagebarna og andre utanom opningstid, skriv ho.
Chyba synest det er trist når barnehagen opplever det motsette, som hærverket som fann stad i helga.
– Det har vore eit gjentakande problem den siste tida. Vi har fått melding om ungdomar som er observert på barnehagen sitt område i tidsrommet hærverket må ha skjedd. Det burde vera så mykje anna å bruka kreftene på enn å velta uteborda og benkane våre, øydeleggja hyller, portlås, fallunderlag, hengjelås og brannbilen vår, påpeikar ho.
Vidare skriv Chyba at barnehagen måtte starta tysdagen med å rydda opp og reparera.
– Vi vil ha ein stopp på dette med det same. Forholdet er politimeldt. Politiet er også bedne om å halda området under oppsyn, skriv den daglege leiaren som håpar at ei felles forståing og respekt for området vil bidra til at det ikkje skjer igjen.