Dersom Strandvik skule vert lagt ned, planlegg Strandvik Vekst AS, her representert ved styremedlem Tone Andreassen Vik, å opna dørene til ein ny friskule hausten 2016.
Dersom Strandvik skule vert lagt ned, planlegg Strandvik Vekst AS, her representert ved styremedlem Tone Andreassen Vik, å opna dørene til ein ny friskule hausten 2016.

Bed om å få overta skulebygga

I kvar sine søknader til Fusa kommune, bed Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA om å få leiga, eventuelt kjøpa, skulebygga i Strandvik og på Holdhus.

- Vi ønskjer framleis ein offentleg skule i bygda vår, men av di det er eit knapt fleirtal for nedlegging i kommunestyret, er det det vi må forholda oss til. Om skulen vert lagt ned, vil vi kjempa for å få etablera ein privat skule, seier styremedlem i Strandvik Vekst AS, Tone Andreassen Vik.

I søknaden til kommunen, som er datert 30. oktober 2015, peikar Strandvik Vekst mellom anna på at kommunestyret i Fusa for to år sidan, i oktober 2013, vedtok følgjande: "Fusa kommune er for ein offentleg skule. Dersom Fusa kommune likevel ikkje klarar å oppretthalda dagens skulestruktur grunna økonomi, er privat skule eit godt alternativ og kommunen vil difor støtta søknadene til Hålandsdal Vekst SA og Strandvik Vekst AS".

Artikkelen held fram under annonsen.

Vel fem månader seinare godkjente Utdanningsdirektoratet søknaden frå Strandvik Vekst AS om å få etablera friskule. Kort tid etter vart søknaden frå Hålandsdal Vekst SA også godkjent.

Sterke signal frå politisk hald

I søknaden til Fusa kommune frå førre veke skriv Hålandsdal Vekst SA at den nye politiske leiinga i Fusa, har gitt signal om at ein på grunn av den økonomiske situasjonen, ikkje klarar å oppretthalda dagens struktur, og at Holdhus skule er blant skulane ein vil leggja ned.

- På grunnlag av det, har vi no sett i gang arbeidet med å etablera drift av privat skule på Holdhus, skriv André Bjørndal.

Første steg i dette arbeidet er å inngå ein avtale med Fusa kommune om å leiga, eventuelt kjøpa, skuledelen av Holdhus oppvekstsenter.

- Det kan vera greitt å få det avklart alt no. Signala frå politikarane er så pass sterke at dersom dei skal følgja opp det dei seier, så er det berre éin ting å gjera, trur Bjørndal.

Det har vore fleire møte med foreldregruppa på Holdhus, både i samband med skulestrukturhøyringa og i etterkant av valet. Bjørndal kjenner seg difor trygg på at Hålandsdal Vekst har fleirtalet med seg når ein no går i gang med førebuingane til ein friskule.

- Hålandsdalen som bygd har alltid kjempa for å behalda skulen som samlingspunkt. Innbyggjarane har dessutan investert fleire millionar, både i økonomiske midlar og dugnadsinnsats, i skulebygget, noko som stadfestar det sterke eigarforholdet bygda har til skulen, seier Bjørndal.

Endring i friskulelova

Både Strandvik Vekst og Hålandsdal Vekst tek sikte på å opna dørene til dei nye friskulane hausten 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi må sjølvsagt ha på plass lærarar også, men det trur eg skal gå greitt. Det som truleg kjem til å volda oss størst problem, er skulebygget, men vi er positive. Vi skal få det til uansett, seier Vik.

- Sjølv om kommunen seier nei til å leiga bygget?

- Ja, sjølv om kommunen seier nei.

Ein friskule som er godkjent må starta opp innan tre år. Dersom det ikkje skjer, fell godkjenninga bort.

Ei endring i friskulelova frå juni 2015, kan dessutan gjera det vanskelegare for nye friskular å verta godkjente. I den nye lovteksten heiter det mellom anna: Ein skule skal ikkje få godkjenning dersom etableringa vil medføra negative konsekvensar for det offentlege skuletilbodet, eller andre særlege grunnar tilseier at skulen ikkje bør godkjennast. Vertskommunen eller vertsfylket skal få høve til å gje fråsegn før departementet gjer vedtak i saka, og dei kan klaga på departementet sitt vedtak.

Lovendringa vart vedteken med støtte frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre.

- No er det fleirtal i kommunestyret for å seia nei til nye friskular. Vi er nøydde til å starta opp på denne godkjenninga, og det reknar eg med at vi får til, understrekar Vik.

Planlegg fleire bygdemøte

Hålandsdal Vekst og Strandvik Vekst har bede om eit møte med ordførar og administrasjon i Fusa kommune i løpet av november.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det tek tid å etablera ein skule, difor kan det vera greitt å starta førebuingane alt no, seier Bjørndal og legg til:

- Folk er lei den evinnelege trugselen om nedlegging av skular. Vår oppfatning er at ein ønskjer at privatskulen vert etablert, slik at ein kan halda fram med å utvikla bygda gjennom eit føreseieleg og trygt oppvekstmiljø.

Bjørndal fortel òg at Hålansdal Vekst er i ferd med å oppretta ei gruppe som skal arbeida med etableringa av friskulen, og at dei kjem til å arrangera fleire bygdemøte framover.

- Uansett kva utfallet er, om det vert etablert fleire privatskular eller ikkje, så skal innbyggjarane i dei ulike bygdene leva i lag i ettertid, påpeikar Bjørndal, som meiner det er viktig å ikkje gjera konfliktnivået i skulesaka større enn det faktisk er.