Bed ny regjering greia ut indre trasé. Listar opp alle fordelane med E39 om Fusa
Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) i Bjørnafjorden kommune har måndag sendt brev til forhandlingsdelegasjonane til Ap og Sp.
Lindborg og Leigland ber dei som no sit og forhandlar om ny regjering, om å ta initiativ til å greia ut ferjefri E39, indré trase via tidlegare Fusa kommune.
– Utgåande regjering har vald midtre trasé for Hardfast med 5 km bru over Bjørnafjorden. Prosjektet er kostnadsrekna til 36 milliardar kroner (2019-kroner). Vi er uroa over at kostnaden blir for høg med omsyn til det økonomiske handlingsrommet regjeringa vil få i åra framover. Vi ber difor forhandlingsdelegasjonane om å ta initiativ til å greia ut Hordfast indre trasé via Fusa som eit alternativ til Solberg-regjeringa sitt traséval.
Artikkelen held fram under annonsen.
I brevet listar ordføraren og vararordføraren opp fordelar og ulemper med dei to alternativa:
Solberg-regjeringa sitt val av trasé: Hordfast midtre alternativ med bru over Biørnafjorden
Fordelar:
15 min kortare reisetid Bergen - St avanger
Ulemper:
Flytebru på 5 km må byggjast som 4-felt, sjølv om det ikkje er trafikkgrunnlag for 4-felt. Dette gjer prosjektet unødvendig dyrt
Omfattande vedlikehaldskostnader av 5 km bru til evig tid
Store naturinngrep. Vil råke boreonemoral regnskog på Tysnes og skjergarden ved Røttinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seglingshøgde på 50 meter hindrar skip, plattformar/riggar å nå indre delar av Bjørnafjorden. Reduserer moglegheitene for næringsutvikling i austre delar av Bjørnafjorden
Stor innskrenking i eit av Sjøforsvaret sine viktigaste øvingsområde. Bompengar i storleiken 400 kr kvar veg vil ha ein betydeleg avvisningseffekt på lokaltrafikk. Vil truleg vera behov for ein vesentleg lengre periode med bompengar for å finansiera prosjektet
Hordfast indre trasé:
Fordelar:
Kan byggjast ut etappevis
Kan byggjast som 2-felts, (3- eller 4-felts på delstrekk ved behov). Kan koplast saman med E134 «Hordalandsdiagonalen» Odda-Bergen. E134 og E39 kan dela trasé frå Eikelandsosen til Bergen. Stor auke i samfunnsnytta for både E134 og E39.
Knyter indre og ytre delar av fylket saman
3 timer kortare reisetid Oslo-Bergen med E134 Hordalandsdiagonalen
Artikkelen held fram under annonsen.
30 min kortare reisetid Eikelandsosen - Bergen med E39 Hordfast indre trasé
Ulemper:
15 min lengre reisetid Bergen - Stavanger