Viktig med refleks: Fleire stader i kommunen er det nok born og ungdom ute og kosar seg i snøen. Teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune, håpar at alle er flinke til å bruka refleks, og at foreldre snakkar med barna om kor det er greitt å leika i forhold til trafikk og brøytebilar.

Bed foreldre passa på barna som skal ut og leika i snøen

For mange er kanskje snøen som har komen i dag frustrerande, men for dei yngste er det gjerne kjekt å koma seg ut i snøen. Det kan skapa farlege situasjonar.

— Dette er ikkje tida for å stressa. Då skjer det berre ulukker, seier teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune.

Vakta har det travelt. Det kjem stadig nye anrop og meldingar. Folk er frustrerte over forholda, og etterlyser brøytebilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teknisk vakt oppmodar folk om å vera flinke til å hjelpa kvarandre, og om ein står fast, så har ein gjerne tid til å hjelpa seg sjølv litt, og fleire kring seg.

— Det er mange som slit med å koma seg til og frå jobb. Kanskje kan ein då stoppa opp og sjå kven andre ein kan hjelpa.

Det er fort ein del born og ungdom som ferdast langs, og gjerne i vegane. Teknisk vakt bed dei som er ute i trafikken om å køyra forsiktig.

— Snakk også med born som skal ut om at det ikkje er lurt å laga snøhole i nærleiken av vegen. Kjem det ein brøytebil då, så står ein fort overfor ein tragedie. Born tenkjer ikkje på at dette kan vera farleg. Refleks er også svært viktig å bruka. Vis omtanke for kvarandre, og vêr snill med teknisk vakt. Vi er berre menneske vi også, seier vakta og smiler.