Båtulukka: - For tidleg å konkludera
Inn til vidare vert ikkje saka etterforska som uaktsomt drap, men som ei undersøkingssak. - Det er for tidleg å konkludera, seier Audun Hadler-Olsen.
Båtulukka som skjedde natt til måndag har framleis høg prioritet hjå Os lensmannskontor. Torsdag vart vedkomande som vart lett skadd i ulukka avhøyrt av politiet.
- Det er ikkje så mykje eg kan referera frå avhøyret, men forklaringa han gav var god, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein mann omkom, og ein er framleis hardt skadd. Den siste meldinga frå sjukehuset er at situasjonen er alvorleg og uavklara.
Bør holmane merkast?
Politiet vurderer at dei har danna seg eit godt bilete av hendingsforløpet, samtidig som det er for tidleg å konkludera i etterforskinga.
- Har de noko teori om kvifor båtføraren ikkje såg Raudholmane, men køyrde rett på?
- Det har me ei formeining om, basert på tekniske spor og opplysningar henta i avhøyr.
- Bør holmane merkast betre?
- Det er ikkje vårt ansvarsområde. Spørsmålet bør rettast til kommunen eller kystverket.
Ulik promillegrense
- Vert saka etterforska som uaktsomt drap?
- Nei, ikkje førebels. No er det ei undersøkingssak der me prøver å få fram dei faktiske forhold. No etterforskar me det som ei ulukke. På generelt grunnlag kan eg seia at det i neste omgang kan bli aktuelt med ulike påtalemessige konklusjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gjeld dei same reglane for uaktsam køyring på sjøen, som i biltrafikken?
- Det er litt andre reglar. Mellom anna er promillegrensa ulik, seier politioverbetjenten. Medan promillegrensa på land er 0,2 er det lov med promille opp til 0,8 på sjøen.
- Er båtføraren fråteken lappen?
- Me har ikkje gått ut og sagt kven som var førar av båten. Ein person er død, og to er skadde. Det er noko av det me prøver å få avklara no - kven som køyrde båten. Me har fått forklaring frå ein av dei som var om bord, og så vil me samanstilla det med øvrige opplysningar, seier Hadler-Olsen.