Båttur i skjergarden i Os

Bebuarar frå Luranetunet fekk ein flott tur i skjergarden kring Os i førre veke - mykje takk vere Søre Øyane Sanitetsforening.

Onsdag 12. august var ei stor gruppe bebuarar frå Luranetunet, saman med andre eldre i Os på båttur. Det var svært positivt at mange pårørande også var med.

Katamaranen «Rødnekatt» tok dei med på sightseeing i fint båttvêr rundt i skjergarden i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Turen kom til etter at Søre Øyane Sanitetsforening ville gje ei gåve til dei eldre ved Luranetunet. Representantar frå foreininga vart difor også invitert med på turen.

I tillegg til Søre Øyane Sanitetsforeining, var kultureininga, Os frivilligsentral, Os folkeakademi og Luranetunet med på å få dette til.

Det var ein kjekk tur som freista til gjentaking. Luranetunet takkar særskild Søre Øyane Sanitetsforeining for gåva som gjorde det mogeleg å få til denne turen.

Tone S Borgen

Luranetunet