Båt under vatn

I 20-tida måndag rykte Os brannvesen ut til Naustvågen på Halhjem. Der låg ein båt delvis under vatn.

Båten var ein 19 fot daycruiser med 115 hestekrefter.

- Berre baugen stakk opp, opplyser politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølje Hadler-Olsen hjelpte brannvesenet til med å ta hand om båten, som no skal vera berga på land.

Saknar du ein båt?

I Skåtavågen på Vinnes er det funnen ein ukjent båt. Båten er av typen Cremo Crescent 405.

- Båten må ha slite seg i løpet av sist veke. Om nokon saknar ein slik båt, kan dei ta kontakt med politiet, er beskjeden frå Fusa lensmannskontor.