Båt tok inn vatn - måtte ha assistanse
Ein båt i Os hamn tok inn vatn fredag.
Båten låg til kai ved Os hamn då brannvesenet måtte tilkallast.
– Me fekk melding om ein båt tok inn vatn, og rykte ut. Enn så lenge held båten seg flytande «sjølv», men me er i beredskap dersom båtens pumpesystem ikkje skulle klara å ta unna vatnet, fortel brannkonstabel Magnus Kvalheim Asvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kranbil er på veg til Os hamn, og brannvesenet vil bistå til båten er trygt på land.