Båt krasja i kaien på Os - mistanke om promille
Ein båt krasja tysdag kveld i kaien på Os.
Politiet melder på Twitter at båtføraren er mistenkt for å ha ført båt i påverka tilstand. Vedkomande er køyrd til legevakta for blodprøve.
Båtføraren, ein mann i 40-åra, skal ikkje vera skadd.