30 millionar: 30 millionar kroner skal gå til helsetilbodet for barn i barnevernet.

Barnevern og ettervern blir foreslått styrkt med 54 millionar

For å betra helsehjelpa til barn i barnevernet og utvida retten til ettervern blir det foreslått ein auke på 54 millionar kroner i statsbudsjettet for neste år.

Av dette skal 30 millionar kroner gå til helsetilbodet for barn i barnevernet. Styrkinga inneber mellom anna betre og tidleg kartlegging av barn som blir flytta ut av heimen. Det skal òg utarbeidast nye rutinar for arbeidet til helse- og barnevernstenestene.

Vidare blir det foreslått at retten til ettervern blir utvida frå 23 til 25 år, frå 1. januar neste år. Det er sett av 24 millionar kroner for å få til dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Unge med erfaring frå barnevernet treng ofte lengre tid for å oppnå gode overgangar til vaksenlivet, og mange manglar den støtta som andre får frå foreldra sine, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).