Strukturdebatt: - Ein strukturdebatt bør også koplast til bygningsmessige vurderingar og eventuelle større behov for rehabilitering/nybygg.

Barnehage er føreslått nedlagd. No inviterer kommunen til ope møte

Må vera avklart før 1. mars.

I barnehagebruksplan 2022-2034 og i kommunedirektøren sitt budsjett for 2023 og økonomiplan for 2023- 2026, er det føreslått å flytta borna i Holdhus barnehage til Jettegryto barnehage frå hausten 2023 når nye Jettegryto barnehage opnar.

– Her vil det vera areal og kapasitet til borna frå Holdhus barnehage, skriv kommunen på sine heimesider, i samband med invitasjonen til eit ope møte om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Føreslår å leggja ned Holdhus barnehage
Les også
– Her bør kommunen ta kontakt med bygda og få hjelp

Her vert det opplyst at dette er ei politisk avgjerd, og at administrasjonen vil fremja sak til formannskapet 2. februar og kommunestyret 16. februar. I same møte skal barnehagebruksplan 2022-2034 behandlast etter at planen har vore på høyring.

– Endringar i barnehagestrukturen skal byggja på kommunestyret sine økonomiske, politiske og samfunnsmessige prioriteringar. Ein strukturdebatt bør også koplast til bygningsmessige vurderingar og eventuelle større behov for rehabilitering/nybygg. Dersom Holdhus barnehage skal leggjast ned frå barnehageåret 2023/24, må dette vera avklart før samordna opptak 1. mars 2023, skriv kommunen.

Les også
– Ingen ville diskutera barnehagestruktur for eitt år sidan. No er det for seint
Les også
MDGs budsjettforslag: Vil skåna heile oppvekstfeltet for kutt

Det opne møtet vert måndag kveld, 9. januar, i gymsalen til Hålandsdalen Montessoriskule.

Ordførar Trine Lindborg ynskjer velkomen, før det vert orientering om vurderingane som er gjort frå administrasjonen si side, ved kommunalsjef Line Rye. Det vert også rom for spørsmål og kommentarar frå salen. Det opplyser kommunen.