For ei veke sidan starta Tor Espen H. Skoglund i ny jobb hjå Aqua Circle i Hegglandsdalen. I ettermiddag tok han i mot stortingspolitikar Terje Breivik (V) og Astrid Dale og Sveinung Steinsletten frå Os Venstre. Politikarane fekk høyra meir om kva bakgrunnen for den nyetablerte verksemda er.
For ei veke sidan starta Tor Espen H. Skoglund i ny jobb hjå Aqua Circle i Hegglandsdalen. I ettermiddag tok han i mot stortingspolitikar Terje Breivik (V) og Astrid Dale og Sveinung Steinsletten frå Os Venstre. Politikarane fekk høyra meir om kva bakgrunnen for den nyetablerte verksemda er.

Ballen rullar for ny Os-verksemd

Tor Espen H. Skoglund har berre arbeidd som dagleg leiar for Aqua Circle i ei veke. - Eg har lært så mykje den siste veka at det kjennes ut som om eg har vore her i minst éin månad, seier han.

Verksemda, som held til i Hegglandsdalsvegen, er heilt fersk. Organisasjonsnummer fekk dei i starten av juni. Tre månader seinare var dagleg leiar på plass.

- Akkurat no held eg på med å få opp dei ulike systema, fortel Skoglund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ideen verksemda er tufta på, står gründer Jonny Møgster bak. Osingen, som arbeider som driftsleiar hjå Lerøy Vest AS til vanleg, såg seg lei på at det ikkje fanst eit godt nok fôringssystem for leppefisk, og gav seg difor i kast med å utvikla ein såkalla Auto Feeder.

- Oppdrettarane går meir om meir vekk i frå kjemikaliebruk når det kjem til avlusing. Ved å bruka leppefisk tek ein omsyn til fiskehelsa, påpeikar Skoglund.

Men reinsefisken, hovudsakleg berggylt og rognkjeks, kan ikkje berre eta lus. Ifølgje Skoglund er lusa for laurdagsgodt å rekna. For at fisken skal leva lenger, treng han fôr.

- Dei fleste nyttar ausekar til å fôra fisken i dag. Med Auto Feeder-en får ein ei meir jamn og målretta fôring. Ein sparar både pengar og miljø, seier Skoglund.

Flying start

Førebels er det berre dagleg leiar som er tilsett i Aqua Circle. Verksemda får hjelp frå ei rekkje underleverandørar til å byggja fôringsautomatane. Blant dei som bidreg er Os Asvo, som set beslag, hengslar og klistremerke på automatane.

Kontrollpanela vert monterte av Vest Mekaniske AS, som er blant dei største aksjonærane i verksemda.

- Vi klarar diverre ikkje å laga alle komponentane lokalt, vi må ut av fylket. Men eitt av prinsippa for verksemda er at vi ikkje skal ut av landet, forklarar Skoglund.

I tillegg til Auto Feeder-en, som truleg har ein større marknad enn Møgster hadde sett føre seg i utgangspunktet, held verksemda på med testing av eit sentralfôringssystem.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har knapt starta opp verksemda, men har alt ei omsetnad på 2,5 millionar kroner, fortel Skoglund.

Stortingsbesøk

Måndag fekk Skoglund besøk av stortingspolitikar Terje Breivik (V). Han var på veg til Bergen for å halda fram valkampen, og saman med Astrid Dale og Sveinung Stensletten frå Os Venstre, tok han seg tid til ein visitt innom den nyetablerte verksemda.

- Det var eit inspirerande besøk. Det gjorde meg endå meir overtydd om at pengar og tiltak retta mot gründerar og nyskapingar innan næringsliv er viktig. Vilkåra for små og mellomstore verksemder må verta endå betre, seier Breivik.

Stensletten og Dale peika på viktigheita av å skapa fleire arbeidsplassar i Os.

- Vi har mista mange arbeidsplassar i kommunen den siste tida. Utan drivkrefter som til dømes Aqua Circle er det ikkje mogleg å skapa nye, seier Stensletten.

- Ein kan nesten ikkje heia nok på gründerane, legg Breivik til.