Avviser Europan-vinnar som uhistorisk og regelstyrt
Ifølgje administrasjonen legg vinnarane av arkitektkonkurransen for mykje vekt på biltrafikk og privatisering, og for lite på lokal historie og båtliv.
Av29 innkomne forslag hadde Diana Cristobal Olave, Tania Oramas Dorta, Alicia Hernanz og Gonzalo Jose Lopez Garrid den beste ideen til Os hamn ifølgje Europan-Juryen.Her kan du lesa deira vurdering.
Administrasjonen i Os kommune er derimot ikkje heilt nøgd. I innstillinga til formannskapet som skal fatta endeleg vedtak neste veke, heiter det at det "ikkje er grunnlag for engasjera vinnarane i Europan-konkurransen til vidare plan- eller prosjekteringsarbeid i samband med områdeplanen for Os sentrum".
Artikkelen held fram under annonsen.
- Stivt, regelbunde og uhistorisk
Årsaka er at dei meiner det New York-baserte KnitKnot Architecture ikkje har treft når det gjeld lokal stadtilpassing eller historisk kontinuitet. Administrasjonen peikar på fleire svake sider ved vinnarframlegget.
- Forslaget verker noko stivt og regelbunde og manglar den tettleiken mellom bygg som er naudsynt for å oppnå ein interessant sentrumsstruktur som også er lokalklimatisk skjerma. Byromma er for store. Dette gjer dei utsett for vêr og vind og mindre attraktive for opphald, vert det hevda.
På bilens premissar
Vidare peikar administrasjonen på at endringane som blir føreslått framleis skjer på bilens premissar.
- Det er fortsatt mykje areal til trafikk og bil. Vegane er fortsatt barriere mellom sentrum og tomta/Oseana. Parkar og grøntareal er plassert opp mot vegane. Dette gjer areala både støyete, støvete og lite attraktive for opphald.
For mykje privatisering
Dessutan har spanjolane føreslått å bruka av offentleg kaifront til endå fleire bustadblokker i hamneområdet.
- Bustadblokker sør på tomta delprivatiserer den offentlege kaifronten med fasader som ikkje gir liv til ålmenta, skriv administrasjonen.
Vidare er gangbrua over Oselva ikkje kopla til gateplan, utbyggingsmønsteret er for glisse, og prosjektet tek i liten grad for seg kulturen knytt til båt- og hamneliv.
Flest smileys frå osingane
Dei visar vidare til at tilbakespela frå osingane undervisning i Rosvold Sport-lokala stør opp under administrasjonens vurdering.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Den gjennomsnittlege tilbakemeldinga frå besøkande til utstillinga viser at det mange ser i «Liv på Øyro»-prosjektet, er ei meir klassisk bymessig opparbeiding av område med tydlegare gaterom og plassar, handel og næringsliv, båt- og hamneliv. Forslag med desse kvalitetane fekk klart flest positive tilbakemeldingar i form av «smil»-klistremerke.
Ikkje bortkasta
Men alt har likevel ikkje vore bortkasta. Ein har engasjert osingane, løfta fram utviklingspotensiale for Osøyro, og fått inn gode innspel for vidare planarbeid. Dei spanske vinnarane skal også inviterast til Os for vidare drøfting. Os kommune har nemleg forplikta seg på arrangera ein workshop der tilpassing av vinnarforslaget til tomta, er tema. Dette vil skje i løpet av året. Likevel framhever administrasjonen at det viktigaste som skjer vidare er ein ny «Områdeplan for sentrum». Dette arbeidet startar opp med politisk handsaming i neste plan- og bygningsutvalsmøte.