Avventar privatskulesvar
Budsjettdebatten torsdag var ikkje fri for skulekamp den heller. Opposisjonsparti forsøkte å få posisjonen til å gå med på å leiga ut dei tome skulebygga til Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA.
- Det er vanleg at bygdene får overta skulebygg som vert stengde. Eg går ut i frå at det skjer denne gongen også, difor vil eg på vegner av Sp, H og den uavhengige (Roger Hoel), ha følgjande tillegg til tekstdelen av budsjettet, sa Lars Erik Dalland (H), før han heldt fram: "Kommunestyret oppnemner eit forhandlingsutval beståande av ordførar og rådmann som får i oppgåve å inngå ein avtale med bygdene om leige av skulebygga. Husleiga skal vera på maks 50.000 kroner per år, og kommunen kan berre seia opp avtalen dersom han skal driva offentleg skule i bygget".
Dalland føreslo dessutan at skulane som, kort tid tidlegare, vart vedtekne nedlagt, burde verta fritekne frå eigedomsskatt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Grendahus og skular som har vorte nedlagd tidlegare, slepp å betala eigedomsskatt, påpeika han.
Investera i det blå?
Ordførar Atle Kvåle (Ap) meinte avgjerda ikkje høyrte heime i ein budsjettdebatt, men at spørsmåla burde takast opp i ei eiga sak i formannskapet og kommunestyret på nyåret.
Aud-May Boge (H) meinte rett nok at tidsperspektivet var viktig. Dess lenger tid det går, dess meir komplisert vert situasjonen, ifølgje Høgre-politikaren.
- Det må gjerast investeringar både på Fusa og i Eikelandsosen. Korleis kan kommunen starta med det, når ein ikkje veit om borna kjem ein gang, sa Boge.
- Fusa kommune er forplikta til å ha tilgjengelege skulelokale til alle elevar i Fusa, uavhengig av om dei går på privat eller offentleg skule, påpeika Magne Djuvik (Frp).
Dette fekk Mikal Leigland (Sp) til å reagera.
- Har de så mykje pengar at de kan investera i det blå. Utsegna er direkte uansvarleg. Kommunen kan ikkje byggja på ein skule som om han skal svelgja elevane både frå Vinnes og Strandvik, og så kjem ikkje elevane. Det må jo vera ein fordel for kommunen å vita kor mange som skal gå på skulen, før ein startar utbygginga, sa Leigland.
Då opposisjonspartia forstod at dei ikkje kom til å få gjennomslag for privatskuletilegga, trekte Dalland forslaga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Føresetnaden er at saka skal handsamast politisk i februarmøtet, understreka Leigland.
- Når kommunen får søknader frå folk som ønskjer å starta privatskule, skal søknadene handsamast på ein tydeleg og god måte. Eg har inga interesse av at handsaminga skal ta lenger tid enn nødvendig, var svaret frå Kvåle.
I balanse
Framfor å gjera store investeringar i skuleeininga, baserte opposisjonspartia budsjettforslaget sitt på tiltak som skal føra til folketalsvekst i Fusa.
I motsetnad til posisjonspartia, som gjekk inn for å fjerna ordninga med fritak frå eigedomsskatt for eigarar av nye bustadhus heilt, føreslo Sp, H og den uavhengige å redusera fritaksperioden frå 10 til 5 år.
Partia trur kommunen kan spara pengar ved å gjera endringar på innkjøpsområdet (500.000 i året) og ved å redusera lønskostnadene i eininga samfunnsutvikling, økonomi og service (1,5 mill. kroner til saman i 2016 og 2017). Samstundes bad dei rådmannen om å oppretta ei psykologstilling i 2016, å oppretthalda driftstilskotet til fysioterapitenesta og om å utarbeida ein strategi for næringsutvikling og -etablering i kommunen.
- I tillegg ønskjer vi bevara fritidsklubben sitt tilbod, samt tilboda ved dagsentera for eldre og menneske med psykiske helseplager, sa Boge då ho presenterte budsjettforslaget frå opposisjonen.
I investeringsprogrammet føreslo partia å bruka til saman 7 millionar kroner på nye lærararbeidsplassar på Holdhus og i Eikelandsosen (2,5 mill.), eit forprosjekt i samband med nybygg/rehabilitering på Fusa ungdomsskule (1 mill.), ein reguleringsplan for eit bustadfelt på Holmefjord (500.000), eit forprosjekt knytt til ein tunell frå Sævareid til Eikelandsosen (1 mill.) og utbetring av Holsundvegen (2 mill.).
- Budsjettet er i balanse i heile perioden, påpeika Boge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny turveg
I balanse er også budsjettforslaget frå fleirtalspartia Ap, Frp, KrF og V. Men på grunn av mellom anna investeringane i skule, ser partia seg til dømes nøydde til å kutta i driftstilskotet til fysioterapitenesta.
- Budsjettforslaget er ikkje ideelt. Det er mange tiltak vi gjerne skulle vore forutan, men fokuset vårt er på prioritet 1, nemleg å friskmelda økonomien til Fusa kommune, sa Djuvik.
Til liks med opposisjonen gjer posisjonspartia ingenting med tilbodet til fritidsklubben og dagsentera for eldre og menneske med psykiske helseplager. Kyrkjetransporten vert oppretthalden og ramma til Frivilligsentralen vert auka med 40.000 kroner.
- Årsaka til det er at tilskotet ikkje har vore prisjustert på fleire år, sa Djuvik.
Partia slår saman punkt 182 og 183 i investeringsprogrammet til rådmannen. Det vil seia utviding av Eikelandsosen skule (182) og rehabilitering av Fusa ungdomsskule (183). Punktet vert kalla investering i skulebygg, og summen er den same, altså 122,5 millionar kroner.
I tillegg har partia grave fram 100.000 kroner til eit nytt tiltak, ein turveg frå Skjelbreidkrysset til Eikelandsosen.
- For å få fullfinansiert prosjektet er det rå å søkja om midlar frå sentralt hald. Målet er å laga ein samanhengjande veg for mjuke trafikantar frå Rød, Holdhus og inn til Eikelandsosen. Dette er positivt for alle grupper, men spesielt for born og unge som skal sykla, eventuelt gå til skulen, påpeika Djuvik.
Ap, Frp, KrF og V sitt budsjettforslag vart vedteke med 11 mot 10 røyster.