Avsluttar leiteaksjonen
Oppdatert: Leiteaksjonen i Øyane vert avslutta, og personell dimittert.
Søket i sjøen etter ein potensielt sakna kajakkpadlar vart avslutta i 12-tida i dag. Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen sa då at vurderinga er gjort på bakgrunn av at ein ikkje har noko konkret stad å søkja på.
No vert det altså meldt om at leiteaksjonen vert avslutta, og at det ikkje er nokre nye opplysningar i saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan koka ned til tjuveri
Tidlegare i dag sa Hadler-Olsen dette då søket i sjø vart avslutta.
- Å søkja endå grundigare i sjøen enn kva som no er gjort, ville kravd mange ressursar. Ingen er meldt sakna, og me har heller ikkje fått bekrefta at det faktisk har vore ein person på sjøen i kajakken, seier Hadler-Olsen.
- Kvifor er det meir sannsynleg å finna noko på land?
- Det er heilt vanleg å gjera eit søk på land i slike situasjonar. Det er usikkert kva som har skjedd her, så då kan me ikkje ta nokon sjansar.
- Men det kan henda at saka kokar ned til eit tjuveri?
- Det er også ein moglegheit, seier Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at dei første nyhendemeldingane ikkje var heilt rette når dei sa at det dreidde seg om rop om hjelp.
- Meldar har høyrt ei mannsstemme i området. Men ordet "hjelp" har ikkje vore brukt.
Han seier at leitemannskapa no har gått gjennom store område i nærleiken av Sundøytangen utan å gjera funn. Ei vurdering om å avslutta søket på land vil bli gjort i løpet av ettermiddagen.
Kajakken må ha vore brukt
Ein person som er busett på Halhjem har meldt seg som eigar av kajakken. Den hadde vore sakna sidan onsdag eller torsdag.
- Ripene er av en slik sort at det må ha vært noen oppi kajakken. Enten har vedkommende padlet inn i steiner, eller dratt den over fjæresteiner, seier innsatsleiar Gisle Antun til Bergens Tidende.
Ein nabo skal dessutan ha sett nokon i ein raud kajakk rundt kl 20 i går.