Aurora er ute av sjukehuset
Aurora Aksnes er på bedringens veg, og har fått reisa heim frå sjukehuset.
- Eg kan stadfesta at Aurora fekk reisa heim i går kveld. Ho er på betringens veg, men treng litt kvile no, seier manager Geir Luedy.
Aksnes har sidan helga vore innlagt på Haukeland univeristetssjukehus med akutt omgangssjuke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho kunne ikkje gjennomføra konsertane på Ole Bull Scene sist helg. Konsertane er flytta til 14. og 15. desember.
Dei andre konsertane som vart flytta grunna sjukdom har også fått nye datoar.
Føles heilt forferdeleg
I ei pressemelding seier Aksnes dette om situasjonen:
- Det kjennast heilt forferdeleg å måtte avlysa konsertar. Men slik er livet. Fint at me har landa nye datoar som me kan gleda oss over, så kan eg prøva å gløyma dei konsertane som skulle ha vore. Eg følar at eg har kjøpt bollar med sjokoladebitar som viser seg å vera rosiner. Då blir ein skuffa, då.
Ny musikkvideo
Same dag som ho fekk koma heim frå sjukehuset, sleppte ho musikkvideoen til Half The World Away. Den kan du sjåher.