Aukar talet avgangar på 600-lina
Frå neste år vil bussen frå Os til Bergen gå endå oftare enn i dag.
Hordaland fylkeskommune brukar 35 millionar kroner på å betra busstilbodet i Bergen frå årsskiftet.
- Dette er ein eineståande sjanse til å auka avgangane og få fleire til å ta miljøvenleg transport, meldar fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på heimesida til Hordaland fylkeskommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei 300 ekstra bussavgangane, kvar dag, måndag til fredag, blir fordelt på hovudkorridorrutene frå sør, nord og vest der det er svært mange reisande.
I ein oversikt over dei nye avgangane, står det at 600-lina, Osøyro - Bergen busstasjon, får auka frekvens heile dagen frå måndag til og med fredag.
Både i og utanom rushtida
Dei nye avgangane blir både i og utanom rushtida. Hordaland fylkeskommune meldar òg at det nye ruteopplegget frå årsskiftet vil bli nøye følgt opp og justert etter der trafikkveksten kjem.
I morgon skal samferdselsutvalet i Hordaland gå gjennom kapasiteten i kollektivtrafikken i Bergensområdet, samt planlagde tiltak for å auka kapasiteten. 23. september går saka til fylkesutvalet og til slutt fylkesinget 13. oktober.