Aukar satsinga på levande bilete
Os&FusaTV: I dag lanserer Os og Fusaposten nett-TV.
Det nye tilbodet vert å finna både på nettsidene våre Osogfusa.no i eit eige videofelt, og på tv.osogfusa.no.
Like etter nyttår bestemte lokalavisa seg for å intensivera satsinga på levande bilete.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjennom nysatsinga har «Os og Fusaposten» investert i naudsynt video- og redigeringsutstyr og engasjert Ole Reinert Berg-Olsen som leiar for prosjektet.
Journalistane har allereie vore på fleire oppdrag der dei har fanga stemninga i levande bilete. Resultatet av dette arbeidet vert frå og med i dag servert til våre lesarar.
Tydelegare satsing
Levande bilete er i og for seg ikkje noko nytt på osogfusa.no, men lokalavisa er glad for å no kunna presentera eit meir heilstøpt konsept, der me har lagt hovudlinjene for korleis reportansjene våre bør vera, og kvar me har lyst til å ta satsinga vidare.
- Nett-tv-satsinga er eit nytt viktig steg i den utviklinga «Os og Fusaposten» har gått gjennom det siste året. Med ein eigen "kanal" for levande bilete er målet å bli endå meir i takt med dagens forventningar til eit medium som vårt, seier redaktør Jostein Halland.
Han håpar at satsinga vil bli godt motteken både blant lesarar og annonsørar.
- Levande bilete gjev oss også nye salsflater, som me håpar og trur vil vera attraktive for noverande og nye annonsørar, seier Halland.
Mykje å læra
Lokalavisas ambisjon no i starten er å laga jamnlege video-reportasjar. Men også direkte-sendingar og faste postar kan verta aktuelt i tida framover.
- Me er framleis tidleg i prosessen og har mykje å læra. Men det er klart, me synest dette mediumet er veldig spennande, og ser mange moglegheiter, seier Halland, og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Aktivitetsnivået og utviklinga i lokalavisas dekningsområde er stor. Å kunna formidla alt dette også gjennom levande bilete, vert både spennande og utfordrande, og eit viktig supplement til dagens papir- og nettavis.