Åtte tekne i 40-sona
UP held fram med å kontrollera lågfarts-strekningane i Os. Måndag vart det utdelt åtte førelegg på Søfteland.
Radarkontrollen til UP var denne gong lagt til Byvegen utanfor Søfteland barneskule. I 40-sona her tok dei åtte bilistar som heldt høg nok fart til at dei gjorde seg fortente til eit førelegg.
Høgste fart som vart målt var 57 km/t.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fann hasj
Måndag ettermiddag oppsøkte betjenter frå Os lensmannskontor ein bustad i Os etter mistanke om at bebuarane oppbevarte narkotika. Det viste seg å stemma.
- Betjentene våre fann mindre mengder hasj. Dei to menna er no meldt for bruk og oppbevaring. Dei kan venta seg eit førelegg, seier politiførstebetjent, Audun Hadler-Olsen.
Kollisjon ved Tombre
I helga som var skapte den raske overgangen til mildvêr problem over store deler av Vestlandet.
I Fusa måtte ei heil familie til sjekk på legevakta etter ein kollisjon på Tombre.
- På riksveg 48 ved Tombre var det svært glatt laurdag føremiddag. Resultatet var at ein personbil med to vaksne og to born sklei i grøfta. Hakket verre vart det då ein lastebil, knappet minuttet sklei på same plass og brast i dei bakfrå. Heile familien vart lettare skadde og måtte til kontroll på legevakta i Bergen, kan politioverbetjent ved Fusa lensmannskontor, Ove Ivarhus fortelja.
Han legg til at vegane i Fusa vart salta etterpå, og at dei ikkje har hatt andre trafikale problem i kommunen dei siste dagane.