Åsen-Helleskaret: Føreslår å forskottera 34,1 mill.
Administrasjonen føreslår at kommunen forskotterer 34,1 mill. for å få realisert fylkesvegarmen Åsen-Helleskaret i 2017-19.
Ein del av framlegget er at kommunen inngår avtale med alle aktuelle heimelshavarar i området, der grunneigar/utbyggar forpliktar seg til å yta eit bidrag på kr 40.000 per bueining til finansiering av fylkesvegarmen.
Teken ut grunna kostnadsauke
Åsen-Helleskaret låg inne som del av E39 Os-Bergen då Os kommune, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune i 2003 vart samde om finansieringsløysing for stamvegprosjektet. Seinare vart parsellen teken ut av prosjektet på grunn av kostnadsauke i hovudprosjektet, vert det opplyst i sakspapira til kommunestyret i neste veke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prosjektet er i 2016 kostnadsrekna til totalt 61 millionar kroner, men per i dag er det ikkje avsett midlar til denne parsellen fylkeskommunen sine investeringsbudsjett.
I samband med rullering av Regional Transportplan for Hordaland (RTP) 2018-2030 er det nemleg lagt til grunn at det overordna fylkesvegnettet skal prioriterast, og Åsen-Helleskaret kjem ikkje i denne kategorien.
Spleiselag
Rådmannen peikar i si saksutgreiing på at vegprosjektet har masseunderskot, og at alt tyder på at kostnadane vert lågare om ein kan nytta overskottsmassar frå tunnelane på E39 Os-Bergen.
Statens Vegvesen har opsjon på bygging av vegstrekkjet, men opsjonen går ut 1. juli. Ei sak om realisering av prosjektet må difor handsamast i Hordaland fylkesting allereie i juni. Hordaland fylkekommune på si side har bede Statens Vegvesen om å få forlenga opsjonen til 31. desember. Skjer det, kan sak om finansiering av prosjektet handsamast i fylkestinget hausten 2016.
I saksutgreiinga understrekar rådmannen at vegen er vesentleg for å få knytt Lysefjorden til nye E39.
Dagens fylkesvegar i Lysefjorden, FV 161 gjennom Åsen og FV 163 Buena-Søvik, har svært låg standard. Langs den nye traseen Åsen-Helleskaret ligg det òg vesentlege utbyggingsområde i arealplanen for Os kommune, påpeikar rådmannen.
Kommunen har difor tatt initiativ til eit spleiselag for å få realisert prosjektet parallelt med utbygginga av E39-prosjektet i 2017-19.
1000-2000 bustader
Det har tidlegare vore sett på ulike modellar for finansiering av prosjektet. Men det er ifølgje rådmannen på det reine at ein lokalt må koma opp med eit vesentleg økonomisk bidrag for at prosjektet skal bli prioritert i forkant av rulleringa av Regional Transportplan for Hordaland. - Ein modell med 1/3 finansiert av vegeigar Hordaland fylkeskommune og 2/3 finansiert lokalt synest realistisk, meiner rådmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
I slutten av juni var grunneigarar og utbyggingsinteresser i området Åsen-Helleskaret invitert til møte med Os kommune. I arealplanen ligg det inne ca 600 mål til bustadføremål langs fylkesvegparsellen. Nærast Åsen ligg det i tillegg noko næringsareal som i hovudtrekk vil få vegutløysing via dagens FV 161 gjennom Åsen. Mot vest ligg det fleire større bustadområde som er avhengig av tilknyting via den nye fylkesvegarmen Åsen- Helleskaret.
Ei grov arealanalyse gjort av Os kommune syner at det samla kan realiserast 1000-2000 bustadeiningar i området.
- Kor mange bustader det til slutt blir, er avhengig av utnyttingsgrad og tema som må vurderast nærare i dei konkrete reguleringsprosessane, vert det presisert.
Vilje frå grunneigarar
I møtet i juni var det ifølgje kommunen tydeleg vilje frå grunneigar-/utbyggingsinteressene for å ta del i eit spleiselag for å få realisert vegen parallelt med E39-utbygginga. Det vert samstundes påpeika at partane har ulik finansiell evne til å skyta inn midlar i prosjektet på noverande tidspunkt.
Basert på dette har Os kommune skissert følgjande modell for finansiering av det lokale bidraget i spleiselaget;
1. Os kommune forskotterer 34,1 mill kr til realisering av fylkesvegarmen Åsen- Helleskaret i perioden 2017-19.
2. Os kommune inngår privatrettsleg avtale med alle aktuelle heimelshavarar i området Åsen-Helleskaret som forpliktar grunneigar/utbyggar til å yta eit bidrag på kr 40.000 pr bueining til finansiering av fylkesvegarmen. Bidraget på kr 40.000 pr bueining vert årleg justert med 3 mnd NIBR + 1,0%, og kjem til utbetaling til Os kommune ved godkjent rammeløyve for bustadprosjekta.
3. Avtalen vert tinglyst som hefte på grunneigedomane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Viktig for Lyseparken
Rådmannen meiner Åsen-Helleskaret er viktig for vidare utvikling av Lyseparken og dei tilstøtande bustadområda.
- Prosjektet vil også gje Lysefjorden krins tilknyting til ny E39 Os-Bergen, og erstatta svært dårlege fylkesvegar i krinsen, utdjupar rådmannen som meiner det er viktig at dette interne fylkesvegprosjektet vert realisert parallelt med E39-prosjektet.
Fristen kommunen har fått frå Hordaland fylkeskommune til å koma opp med ein garanti for den lokale finansieringa er sett til torsdag 19. mai.