Arve-avskjed: Fredag vart Arve Frostad takka av som avdelingsleiar ved Vartun Oppfølgingsteneste. Her i lag med Johanne Rotvik og Emil Reiten.

Arve fekk rørande musikkvideo i avskjedsgåve

Arve Frostad har fått ny jobb og takkar no av frå leiarjobben ved Vartun Oppfølgingsteneste. Med seg på vegen fekk han ein rørande musikkvideo frå kollegaene.

Frostad har jobba som avdelingsleiar ved Vartun i seks år. Onsdag har han sin siste dag på huset.

– Det blir vemodig. Ingen tvil om det. Eg har fått ein tett og god relasjon til både kollegaer og brukarar, seier bergensaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter påske byrjar han i ny jobb som leiar for Helse Bergens avdeling for rusmedisin M31 på Årstad.

Rørande og morosam musikkvideo

Som avskjedshelsing fekk Frostad servert ein heimesnikra musikkvideo til Jahn Teigens «Vakreste som finst». Her mima brorparten av Frostads mangeårige kollegaer til Teigens røyst. Mange av dei med stor innleving.

– Det var ein rørande og morosam video, og artig og kreativt funne på, ler den avtroppande avdelingsleiaren.

– Johanne Rotvik skal ha mykje av æra for den. Det var vel ho som var regissør, humrar han.

Miljøtereapeut Rotvik vedgår det heile.

– Ja, jo, det var vel eg som filma det i alle fall.

– Kva la du kunstnarisk vekt på?

– Hehe. Det var å først og fremst fokus på «one take»-sekvensar. Dernest at det skulle vera naturleg, og å syta for at kollegaene til Arve baud litt på seg sjølve, fortel Rotvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stolt over Livskvalitet-prosjektet

Fredag var det kake, blomeoverrekking og talar på Vartun, dog litt nedskalert grunna koronarestriksjonane.

– Det var uansett veldig hyggjeleg. Eg fekk blomar og mange hyggjelege ord både av kollegaer, bebuarar og brukarar, seier Arve.

– Kva er du mest nøgd med å ha vore med på desse seks åra?

– Eg er mest nøgd med at vi har fått etablert eit trygt og godt bumiljø på Vartun og «Livskvalitet»-prosjektet vårt. Me har også hatt eit breitt og godt tilbod for brukarane våre, både innan trening, fritidsaktivitetar og arbeidstrening. I tillegg er eg sjølvsagt glad for å ha blitt kjent med ei fantastisk brukar- og personalgruppe.