Årsrekneskapen: Slik skal overskotet på 50,3 millionar disponerast
Politikarane i kommunestyret i Os kunne gle seg over eit overskot på meir enn 50 millionar kroner då dei handsama årsrekneskapen for 2015.
Årsrekneskapen for Os kommune i 2015 viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk (overskot) på kr 50.383.131.
Fantastiske tal, konstaterte politikarane i kommunestyret før dei kom med sine forslag til disponering av midlane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Administrasjonen hadde kome med følgjande framlegg;
1. 6 mill. til organisasjonsutvikling
2. 3 mill. til byggvedlikehald
3. 2,5 mill. til Prosjekt betre læringsresultat
4. 15 mill. til drift av nye plassar på Luranetunet
5. 23,8 millionar til disposisjonsfond - kommunestyret.
Ap vil droppa Prosjekt betre læringsresultat
Helge Steinum (Ap) føreslo på vegner av sitt parti å setja av 5 millionar til praktisk læremateriell i skulen.
- Dette har vore etterspurd av rektorar og lærarar, argumenterte Steinum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Partiet føreslo også å setja av 5 millionar til to såkalla treningsleilegheiter for personar som er ferdig med avrusing.
I tillegg ville Ap droppa dei 2,5 millionane til Prosjekt betre læringsresultat.
- Me er positiv til prosjektet, men ynskjer no ei evaluering for å sjå om det har ynska effekt, sa Steinum.
Eirik André Hesthamar stilte seg undrande til at Steinum uttalte støtte til prosjektet, men no ville ta vekk tilskotet, og understreka også at dette prosjektet er ei langsiktig satsing.
- Me er positive til dei løyvingane som er gjeve så langt, men no ynskjer me å sjå om dette prosjektet gjev ein betre skule, slik målet er, sa Steinum.
Etterlyste vedlikehaldsplan
Med 6 millionar til organisasjonsutvikling, 3 millionar til byggvedlikehald og 15 millionar til Luranetunet, var det 16 millinar att til fordeling i Aps forslag. Desse midlane ynskte partiet å bruka på fylkesvegarmen Åsen-Helleskaret.
- På den måten kan me avgrensa det kommunale låneopptaket. Me har nok lån, sa Steinum.
Han etterlyste også ein vedlikehaldsplan for kommunale bygg.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg mistenkjer at det kan vera behov for større midlar til vedlikehald, sa Steinum.
Frp/H sitt forslag
- Ein resultatgrad på 5,4 prosent er svært bra. Me har ein administrasjon og også eit politisk miljø som leverer, konkluderte Espen Aspenes (Frp), før han la fram Frp/H sitt forslag til disponering av overskotet. Forslaget var som følgjer:
1. 3 millionar til IT
2. 3 millionar til digital utvikling
3. 4 millionar til byggvedlikehald
4. 3 millionar til Prosjekt betre læringsresultat
5. 15 millionar til drift av nye plassar på Luranetunet
6. 1 million til disposisjonsfond -formannskap
Artikkelen held fram under annonsen.
7. 21,3 millionar til disposisjonsfond - kommunestyret
Framlegget til administrasjonen fekk fire røyster (2 Sp, 2 TvS) og fall. Framlegget til Ap fekk sju røyster og fall. Framlegget til Frp/H fekk 24 røyster og vart vedteke.
Dei to tilleggsframlegga til Ap om vedlikehaldsplan og evaluering av Prosjekt betre læringsresultat fall med sju røyster kvar.