2015 var eit hektisk år, og 2016 ser ut til å bli like hektisk, om ikkje meir. Med over 18.000 følgjarar på instagramprofilen har Natalie Totland blitt ei populær inspirasjonskjelde for mange, samt ein ettertrakta ambassadør for ulike merkevarer.
2015 var eit hektisk år, og 2016 ser ut til å bli like hektisk, om ikkje meir. Med over 18.000 følgjarar på instagramprofilen har Natalie Totland blitt ei populær inspirasjonskjelde for mange, samt ein ettertrakta ambassadør for ulike merkevarer.

Arrangerer treningsturar for jenter

I mai tek Natalie Totland vingane fatt og flyg utanlands på sin første arrangerte treningstur for jenter.

Kenneth Svenningsen

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Frilans: Kine Evensen

I lag med sin nye samarbeidspartnar Jomfrureiser.no tilbyr Totland treningsglade jenter ei veke fylt med energigjevande og varierande trening kombinert med litt luksus på Kreta. Den etterspurde personlege trenaren frå Os gler seg til det nye prosjektet.

- Eg er inne i ei spennande tid der mykje skjer, og eg kan ikkje seia anna enn at eg gler meg til det som skjer framover, seier Totland.

Det som i første omgang skulle vera ein enkeltståande tur, utvikla seg fort til å bli mykje større. Første tur blei utseld med ein gong, så det blei raskt planlagt ein ekstra tur. Treningstur nummer to går av stabelen i oktober.

Truleg vert det endå fleire, og eventuelt større/lengre turar litt fram i tid.

- Også oktober-turen er snart utseld. Det er utruleg kjekt å sjå kor fort ting kan utvikla seg, fortel Natalie.

Inspirasjonskjelde

Før avreise er det mykje som skal ordnast, og Totland er godt i gang med planlegginga. På turen har ho ansvar for å leia to treningsøkter for dagen, arrangera ulike aktivitetar og utflukter, samt å halda to føredrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ei stor utfordring å skulla ha ansvaret for sjølve opplegget, og i tillegg tilretteleggja trening for 23 herlege jenter, men eg er klar, smiler den motiverte jenta frå Os.

2015 var eit hektisk år, og 2016 ser ut til å bli like hektisk, om ikkje meir. Med over 18.000 følgjarar på instagramprofilen har ho blitt ei populær inspirasjonskjelde for mange, samt ein ettertrakta ambassadør for ulike merkevarer.

- Det har teke litt av, for å seia det mildt. Det er mange ballar i lufta, mange potensielle samarbeidspartnarar som bankar på døra, nye PT-kundar som står i kø, og andre prosjekt, så det er ingen vanlig kontorjobb eg har, humrar ho.

Men det er akkurat slik ho vil ha det.

- Eg stortrivst som personleg trenar, og det er kundane mine og deira mål eg brenn for. Alt det andre er ein stor bonus som eg ser på som ei krevjande men fin utfordring, avsluttar Totland.