Arrangerer pub til pub-kveld i pub-lause Holmefjord
Korleis lagar ein pub til pub-kveld på ein plass som Holmefjord. Styret i ungdomslaget veit råd.
Det er ein kreativ gjeng som sit i styret for ungdomslaget Samhald i Holmefjord. I helga har dei fullt arrangement i grendahuset Bygdaheimen. For å lokka flest mogleg med ut på livet, har dei gjort fleire originale val.
Kort veg mellom pubane
Bestiling av stort silent disco-anlegg er eitt av dei. Endå meir kreativt er det å invitera til pub til pub-kveld i ei lita bygd som knapt har ein einaste pub.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det krev litt førarbeid, men me trur me skal klara det, ler Helene Holmefjord Ådland lurt, og held fram.
– Det me skal gjera er å dela Bygdaheimen inn i fleire rom, så kan me ha ulike konsept i kvar av dei. På den måten blir det ein meir intim kveld for gjestene, samstundes som dei kan skifta litt arena, når dei ønskjer forandring, ler ho.
Varme og country
Den eine puben vil nok invitera til lettare kledning.
– Ja, det blir beachbar i eine avdelinga med Hawaii-stemning. I ein annan køyrer me cowboy-stil i ein tilrettelagt countrybar.
– Og den siste?
– Ja, det blir diskotek. Der blir det blirsilent disco kvelden ut, avsluttar Holmefjord Ådland.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no