Årets julekalender - luke 1
I årets julekalender i Os og Fusaposten inviterer me lesarane våre til å bruka lokalkunnskapane sine.
Kvar adventsdag vil me leggja ut eitt bilete av ein plass i Os eller Fusa. Til kvart av bileta vil det høyra med eitt eller fleire spørsmål. Dei som svarar rett på spørsmåla er med i trekninga av eit Flax-lodd og ei is-skrape med Os og Fusaposten-logo.
I romjula vil me trekkja ut ein vinnar blant alle dagsvinnarane som får ei stor romjulskorg med mat og mykje godis.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagens spørsmål er: Kvar finn me dette gamle huset, og kva vart bygget brukt til i gamledagar?
Send svaret til post@osogfusa.no innan klokka 24.00
kenneth.svenningsen@osogfusa.no