Superyacht: Den amerikanske millionbåten har sleppt anker utanfor Kysthospitalet, fortel ein lesar.

Amerikansk milliardæryacht har ankra opp utanfor Kysthospitalet

My Vanish er verdt om lag 900 millionar kroner.

Den 72 meter lange yachten My Vanish har sleppt anker for natta rett utanfor Kysthospitalet i Hagavik.

Den nøyaktige posisjonen kan du fylgja på nettsida Marine Traffic.

Artikkelen held fram under annonsen.

Superyacht: Nøyaktig her ligg My Vanish no i kveld.

My Vanish har lege til kai i Bergen sidan torsdag, men i dag gjekk ferda vidare til Bjørnafjorden.

I fylgje Bergens Tidende går ferda vidare til Rosendal i morgon.

Kanskje heng det saman med morgondagens opningsfest for Eide Fjordbruks The Salmon Eye?

Yachten er, ikkje overraskande, registrert i Cayman Islands. Han er eigd av den amerikanske milliardæren Larry van Tuyl, og har i fylgje YachtBible.com ein verdi på 90 millionar $, eller vel 900 millionar kroner.