Allmennlegetenesta blir foreslått styrkt med 1,6 milliardar mot 2024
Allmennlegetenesta blir styrkt med 300 millionar til kroner i regjeringsforslaget til statsbudsjett for neste år.
– Fastlegane speler ei nøkkelrolle i helse- og omsorgstenesta. Vi treng fastlegane for å gi innbyggjarane eit godt helsetilbod der dei bur, men ordninga er under press. I statsbudsjettet følgjer vi derfor opp handlingsplanen og set inn fleire tiltak for å auke rekrutteringa og sørgja for at innbyggjarane har ein fastlege å gå til i framtida, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Regjeringa vil fremja forslag om å styrkja allmennlegetenesta med 1,6 milliardar fram mot 2024.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blant tiltaka foreslår regjeringa å styrkja basistilskotet med til saman 205 millionar kroner. Målet er auka tryggleik for legar som startar med korte lister, og å leggja til rette for at legane kan redusera arbeidsbelastninga si noko. I tillegg er det avsett 49 millionar kroner til å auka refusjonstakstane frå 1.1.2022.
– Vi må sørgja for å gjera fastlegeyrket til eit meir attraktivt val for unge legar, og at fastlegar ønskjer å bli verande i jobben. Då er det viktig med økonomisk føreseielegheit og mindre arbeidsbelastning, seier Høie.