Alle osingar i opposisjon
Osingane får ikkje lenger ei hand på rattet i fylkestinget. Gustav Bahus (Frp) trur at det no kan bli vanskelegare for Os å nå opp i kampen om midlane.
I skrivande stund er 99,9 prosent av røystene på fylkestingvalet opptalde. Oppteljinga av slengjarar og personrøyster var venta å vera i mål før helga, men først neste veke har valstyret eit møte som offisielt stadfestar resultatet.
- Det skal ekstremt mykje til for at personrøyster får noko å seia for kven som kjem inn på fylkestinget. Så resultatet er så godt som spikra, seier Terje Søviknes (Frp), gruppeleiar for Frp på fylkestinget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre-fire osingar på tinget
Ap gjorde eit knallval også på fylkestinget, og gjekk alt i vår inn på ein samarbeidsavtale med KrF og Sp. SV blir partiet som sikrar den nye sentrum-venstre-konstellasjonen fleirtal på fylkestinget.
- Korleis skal det gå med Os no når Gustav Bahus ikkje lenger er leiar for samferdsleutvalet?
- Det må du spørja Arbeidarpartiet og Atle Kvåle om, ler Gustav Bahus. - Nei då, me som kjem frå Os skal nok framleis løfta fram osingane si sak. Men det kan nok sitja lenger inne å få tilgodesett Os no når me ikkje lenger har ei hand på rattet, seier Bahus.
Framleis blir han verande på tinget, og får med seg osingane Terje Søviknes og Olav Kvinge (H). Dessutan er Nils-Anders Nøttseter andrevara for Miljøpartiet Dei Grøne. Men alle desse vert i opposisjon.
Konsekvens for Hatvikvegen?
- Kan dette få konsekvensar for om t.d. det blir mogleg å finna pengar til Hatvikvegen?
- Er det nokon som kjempar for Hatvikvegen, er det Atle Kvåle. Så det tek eg med ro, seier Bahus.
Det er no 12 år sidan sist Frp var i opposisjon på fylkestinget. Terje Søviknes ser fram til i sterkare grad å kunna fronta Frp sin politikk, heller enn å måtta forsvara fleirtalsavgjerder forhandla fram med dei andre partia.
- Det skal bli litt greitt å driva med opposisjonspolitikk etter gamalt. Du kan vera tydelegare på partiet sine primærstandpunkt i ein slik situasjon, seier Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Trur du at det vert vanskelegare å finna pengar til Hatvikvegen?
- Det håpar eg inderleg ikkje. Det er jo heller ikkje slik at ein kan sitja og forfordela til den kommunen me sjølve kjem frå. Men eg trur det vert viktig for lokale politikarar i posisjon på fylket å etablera ein god dialog med sine fylkesgrupper, seier Søviknes.
Nils T. Bjørke (Sp) vert den "nye Bahus"
Atle Kvåle (Ap) seier han har brukt mest energi på å tenkja på kommunestyrevalet i Fusa dei siste dagane.
- Mitt fokus har vore i Fusa, men eg hadde ein telefonkonferanse med andre fylkespolitikarar igår, og det eg kan seia er at dette vert avgjort 1. oktober. Eg ynskjer i alle fall å arbeida med samferdsle primært. Og så får vi sjå kva kabalen viser til slutt, seier Kvåle.
«Os og Fusaposten» fekk torsdag opplyst at Sp, Ap og KrF alt då hadde fordelt dei viktigaste posisjonane på Fylkestinget mellom seg.
- I intensjonsavtalen mellom Sp, KrF og Ap gjekk me med på å gje Ap fylkesordføraren og KrF varaordføraren mot at me fekk velja den første komitéleiaren. Då valde me leiaren for samferdsleutvalet, som er ein viktig komité, seier Bente Bondhus (Sp).
Ho opplyser om at det meste tyder på at Nils T. Bjørke (Sp, vossing og tidl. leiar for Hordaland Bondelag), overtek rolla som Gustav Bahus har hatt.
- No har Gustav Bahus drive på lenge nok, seier Bondhus.