Kring 1.250 alarmanlegg vil lyda klokka 12.00 i dag.
Kring 1.250 alarmanlegg vil lyda klokka 12.00 i dag.

Alarmtest klokka 12.00

Over heile landet er det varslingsanlegg med sirener som skal varsla folket ved akutt fare. Signala vert testa to gonger i året. I dag skjer det klokka 12.00.

Det finst om lag 1.250 varslingsanlegg i Noreg. Dei fleste ligg i byer og tettstader. Normalt vil signala bli høyrt av over halvparten av landets innbyggjarar.

To dagar i året vert anlegget testa - andre onsdagen i januar (altså i dag) og den andre onsdagen i juni.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Viktig melding»

Signalet som vert testa i dag symboliserer «Viktig melding, søk informasjon». Signalet vert sendt ut i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

Sivilforsvaret har ansvaret for drifta av dei 1.250 varslingsanlegga som er plassert rundt i landet, og som skal varsla folket ved akutt fare.