Akutt vassleidningsbrot: - Ikkje bruk vaskemaskin eller liknande
Os kommune melder om akutt vasslekkasje ved Midtskogvegen 26.
- Grunna utbetring av vasslekkasjen,vil det bli brot i vassforsyninga til delar av Midtskogvegen og Laksavegen frå kl.17.30 og fram til arbeida er ferdig, opplyser kommunen.
- Ikkje bruk vaskemaskin eller liknande. Om vatnet er misfarga etterpå, tapp med kaldt vatn, oppmodar kommunen.