98-åring heilt i hundre
Petra Oppedal (98) fekk helikoptertur til barndomsheimen i Nessane i Sogn og Fjordane i bursdagsgåve frå familien.
- Ho har vore heilt i hundre sidan me var på turen. Ho strålar i andletet, og har knapt nok snakka om noko anna, seier dottera Lisbeth.
Ho fekk idéen då mora fortalte at ho hadde hatt ein draum om at ho flydde til barndomsheimen sin i Nessane. Lite visste Petra at draumen kom til å gå i oppfylling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flott mottaking
Petra fylte 98 år 17. juli, men ho vart overraska med bursdagsgåva dagen før.
- Me henta ho på sjukeheimen, og reiste med taxi til Sandviken kor helikopteret venta, seier Lisbeth, som var med på fly-turen saman med Petras eldste oldebarn. Dei hadde ordna landingsløyve i nærleiken av barndomsheimen, som framleis er i slekta. Lisbeth kjenner ikkje dei som bur der så godt, men dei var meir enn villige til å la dei koma på besøk.
- Eg hadde ikkje venta den mottakinga me fekk. Dei henta oss i bil, og hadde laga rømmegraut, lappar og kake, seier Lisbeth.
Ny tur om to år?
Etter at dei hadde ete såg dei på bilete frå gamledagar. Etter ein og ein halv time i Petras barndomsheim, var det tid for å reisa heim att. Men Petra hadde andre planar.
- På veg inn i helikopteret sa ho at me snakkast om to dagar, ler Lisbeth.
- Det var tydeleg at ho sette pris på turen. Eg sa til ho at om ho er like frisk og oppegåande når ho er 100 år, så får ho ei ny tur.