900.000 kroner dyrare

Bygging av gangbru over FV552 i Fusa har ikkje berre teke lang tid. Det har òg vorte dyrare. Nærare bestemt 891.000 kroner dyrare.

I tertialrapporten føreslår rådmannen å ta pengane frå investeringsprosjekt 80: Opprusting vegar. Det ville ikkje Fusa formannskap gå med på.

- Det er veldig dumt å bruka trafikksikringspengane. Finst det ikkje andre moglegheiter? spurte Asbjørn Heidal (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva med å omdisponera pengar frå ei anna investering som uansett ikkje vert gjennomført i år, føreslo Mikal Leigland (Sp).

Dermed vart politikarane samde om å bruka 800.000 kroner i unytta lånemidlar frå ombygginga av Fusa bu- og behandlingssenter, for deretter å auka låneopptaket tilsvarande i 2016. Dei resterande 91.000 kronane vert henta frå veg- og vedlikehaldspotten.

- Eg synest det er fornuftig å bruka lånemidlar i staden for vegmidlar. Vi treng heilt sikkert dei pengane til andre ting, sa Magne Djuvik (Frp).

- Omdisponeringa går ikkje ut over nokon, sett bort i frå at Fusa kommune aukar lånegjelda si, påpeika Leigland.