70 nærbutikkar går saman i straumopprør: — Viss vi slår oss saman og brøler, kan det henda at nokon vaknar opp
Så langt har fem nærbutikkar frå Bjørnafjorden meldt seg på eit felles «naudopprop» initiert av kjøpmann Jan Bruvik på Osterøy.
— Straumprisen er i ferd med å ta livet av oss. Framtida er ekstremt uviss, og mange veit ikkje om dei overlever til årsskiftet, står det i oppropet.
Blant underskrivarane finn vi Joker Revnestrand, Joker Strandvik, Joker Søfteland, Nærbutikken Holmefjord og Bunnpris Vedholmen.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Me er små, og ei einskild røyst når ikkje fram til dei som styrer og regjerer. Men viss me slår oss saman og brøler kan det henda at nokon vaknar opp, står det vidare».
Talar med felles stemme
I fylgje BT, som fyrst skreiv om saka, har så langt meir enn 70 butikkar stilt seg bak det såkalla «naudoppropet».
— Det er viktig at vi som kjenner kor skoen trykkjer, talar med felles stemme, seier Bruvik til Os & Fusaposten.
Han snakkar om den enorme avstanden mellom små nærbutikkar og landets rike og mektige daglegvarekjeder.
— Vi lever i ein fullstendig annan ende av dette systemet og kvardagen vår er radikalt annleis. No håpar eg vi kan vekkja politikarar på både fylkes-, stortings- og regjerings-nivå.
Eller som han seier til BT:
— Medan Rema-Reitan og Rimi-Hagen veltar seg i pengar, er vi overlatne til oss sjølve.
God støtte frå Holmefjord
Spesielt mykje respons har Bruvik fått frå nærbutikkane sør for det han kallar «tussagrenso». Midt i Sognefjorden går nemleg grensa mellom to ulike straumprisar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han nemner spesielt det gode samarbeidet med butikksjef May Boge på Nærbutikken Holmefjord.
— Eg preikar mykje med henne. Vi har eit tett og nært samarbeid. May er ei svært engasjert dame, seier Bruvik.
Ordførar Trine Lindborg seier til BT at ho er vorten kontakta av fleire nærbutikkar som slit med å få endane til å møtest.
No har ho bedt Næringsdepartementet revurdera forslaget til støtteordning for næringslivet.
– Det vil alltid vere nokon som dett mellom stolane, men no er det veldig mange som fell utanfor, seier ho til BT.