6.800 for forbikøyring
Politiet i Os har det siste døgeret hatt fokus på trafikk. Ein bilfører fekk kl. 18 fredag eit forenkla førelegg på 6.800 kroner for ei forbikøyring på E39 gjennom Os sentrum.
I tillegg til forbikøyringa på E39 i Os sentrum fredag ettermiddag, har politiet vore på patrulje i krinsane i Os, deriblant Nore Neset og Lysekloster, og hatt fokus på oppførselen til folk i trafikken.
– Vi har ikkje skrive ut fleire førelegg, men fleire av bilførarane har fått tilsnakk, opplyser vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor.