Peder Fløysand og dei andre i Brukameratane får 100.000 kroner til det vidare arbeidet med Knutabruo.
Peder Fløysand og dei andre i Brukameratane får 100.000 kroner til det vidare arbeidet med Knutabruo.

400.000 til allmennnyttige føremål

Denne veka delte Sparebanken Vest ut 400.000 kroner til allmennyttige føremål i Os. 100.000 gjekk til Knutabruo.

Tradisjonen tru bidreg Sparebanken Vest også i år med økonomisk støtte til ulike prosjekt i Os. I år gjev dei altså til saman 400.000 kroner til det dei kallar «ulike allmennyttige føremål».

I år vart fordelinga slik:

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukameratane og prosjektet Knutabru, som skal byggja hengjebru over Oselva i Osmarka får 100.000 kroner. Brua skal etter planen stå ferdig i månadsskiftet september/oktober.

Osfest, Os ungdomsklubbb og Os Skyttarlag får 25.000 kroner kvar.

I tillegg får ei rekkje lag og organisasjonar 20.000 kvar i støtte.

Pensjonistforeininga får 10.000 kroner til vidarearbeid med kafè.