4.864 nye koronasmitta registrerte siste døgn
Det siste døgnet er det registrert 4.864 nye koronasmitta personar i Noreg. Det er 747 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.733 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.687, så trenden er stigande.
Smitterekorden vart sett torsdag 9. desember med 5.355 nye koronasmitta på eitt døgn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måndag var 358 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 27 fleire enn dagen før og ny rekord så langt i pandemien.
Over 300.000 smitta
109 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 62 på respirator. Det er tre fleire på intensiv og fire fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
I alt har no 322.744 personar testa positivt for covid-19 i Noreg.
Til saman er 1.136 koronasmitta personar døde her i landet sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast. Seks av ti døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 26 dødsfall i Noreg.
Vera der for kvarandre
På ein hasteinnkalla pressekonferanse måndag kveld vart det kunngjort fleire nasjonale tiltak som har som mål å avgrensa smittespreiinga.
Regjeringas hovudgrep for å få kontroll over situasjonen er i første omgang full skjenkjestopp, gult nivå i skulen og strenge reglar for arrangement. I tillegg er alle som kan ha heimekontor pålagt dette.
– Det blir jul. Du kan reise heim i jula, og du kan vera med dine næraste. Vi kan ikkje vera så mange saman, men vi kan vera der for kvarandre, sa statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen måndag kveld.