Mannen vert framstilt for varetektsfensling i Nordhordland tingrett i dag.
Mannen vert framstilt for varetektsfensling i Nordhordland tingrett i dag.

34-åring sikta for valdtekt i Os

Ein 34 år gamal mann er sikta for to valdtekter i Os sundag. Mannen vart pågripen sundag føremiddag.

- Klienten min stiller seg heilt uforståande til siktinga, seier 34-åringen sin forsvarar, Helene Elness frå advokatfirmaet Andenæs, Aaløkken og Veum.

Mannen er busett i Oslo, og kjem ifølgje forsvararen ikkje frå Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han var på besøk i Os, fortel Elness.

«Os og Fusaposten» har ikkje lukkast i å få tak i politiadvokat i Hordaland politidistrikt, Trond Eide. Men til BA seier Eide at 34-åringen er sikta for valdtekt av to kvinner.

34-åringen vert framstilt for varetektsfensling i Nordhordland tingrett i dag.

- Eg kjem til å be om at han vert lauslaten, seier Elness.