E39: Fartsgrensa er 100 km/t på motorvegen mellom Os og Rådal.

31. oktober opna nye E39. Sidan då har minst åtte bilar køyrt i feil retning

Så langt har det ikkje ført til død eller skade.

Os & Fusaposten har åtte gonger skrive om episodar med bilar som har køyrd i feil retning på nye E39 mellom Svegatjørn og Rådal.

Den siste kjende hendinga fann stad 28. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den siste hendinga vi vart kjende med, skjedde i november i fjor og var svært alvorleg.

Svenn Egil Finden i Statens Vegvesen fortel at tre BMW-ar stilte seg opp ved sidan av kvarandre i Endelausmarka, før dei køyrde vidare i feil køyreretning.

Les også
Politiet fekk video av livsfarleg køyring. Saka blei lagt bort nokre dagar seinare
Les også
Her går alarmen kvar gong ein bil køyrer i feil retning på E39

4. november: Preben Skorpen og familien møter ein kvit varebil i feil køyreretning like før innkøyring til Skogafjelltunellen.

5. november: Tre BMW-ar stiller seg opp ved sidan av kvarandre i Endelausmarka og køyrer i feil retning. Fyrst i mars får Os & Fusaposten kjennskap til hendinga gjennom eit intervju med Svenn Egil Finden i SVV.

6. november: Ein bil stansar i ei havarilomme i Skogafjelltunnelen og snur. Vegtrafikksentralen observerer på sine kamera at bilen køyrer i motgåande køyrefelt opp avkøyringsrampa til rundkøyringa ved Svegatjørn.

7. november: Mann i 80-åra køyrer fire kilometer i feil retning i Lyshorntunnelen. Politiet får melding via Vegtrafikksentralens automatiske alarmsystem. Føraren vert stoppa og førarkortet beslaglagt.

8. november: Prosjektsjef Kelly Iversen i SVV kallar episodane ei «forferdeleg skremmande oppleving».

8. november: Politistasjonssjef Oddbjørn Dyrdal kommenterer at det har vore tre feilkøyringssaker på ei veke og fortel at det gir politiet «frysningar».

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Køyringa får politiet til å klø seg i hovudet

Dyrdal stiller spørsmål ved at slike sjåførar har førarkort, og forklarer at Vegtrafikksentralen leverer «gode bilete frå overvakingskamera slik at vi raskt får tak i registreringsnummer og type bil.»

Han seier også at slike episodar er grunn god nok til førarkortbeslag.

11. november: Ein raud bil skal ha «rygga og styrt litt på» og køyrt i feil retning i Endelausmarka. Vegtrafikksentralen varslar politiet om hendinga. UP sporar opp føraren som vert dimittert på staden.

Saka får seinare mykje merksemd i fleire nasjonale medium.

9. januar: Kristoffer Tysseland møter ein bil i feil køyreretning på veg ut av Lyshorntunnelen.

22. februar: Dag Gjertsen møter på ein bil i feil køyreretning i Lyshorntunnelen. BT skreiv om saka fyrst.

28. februar: Ein raud bil snur og køyrer i feil køyreretning. BA skriv om saka etter å ha snakka med eit augevitne.

1. mars: Politiet i Os ber publikum om hjelp til å finna sjåføren av ein liten, raud bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. mars: Os & Fusaposten publiserer eit intervju med Svenn Egil Finden i SVV. Der fortel han om ei spesielt skremmande hending frå november. Sjå lenger oppe.

2. mars: Kommunestyrerepresentant Nils-Anders Nøttseter reagerer sterkt på saka, og varslar at han vil ta den opp i PBU som har ansvar for trafikksikring i kommunen. Han synest det er merkeleg at politiet går ut i media og ber om hjelp til å finna bilføraren, all den tid Vegtrafikksentralen har videobilete av hendinga.

2. mars: Politiet i Os kontaktar Vegtrafikksentralen og ber om å få oversendt video av hendinga to dagar tidlegare. Dette vert opplyst til Os & Fusaposten.

7. mars: Politiet i Os opplyser at dei ikkje kjende til hendinga med dei tre BMW-ane, men at dei no vil etterforska saka vidare.