30 fots båt i brann. Fekk slått ned flammane.
Fekk hindra spreiing etter at ein båt byrja å brenna på Brattholmen.
Klokka 14.52 fekk politi og brannvesen melding om brann i ein 30 fots båt som låg til kai ved Brattholmen i Søre Øyane.
Dette opplyste dei på Twitter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var meldt om fare for spreiing til andre båtar som ligg ved sida av, men klokka 15.20 melde mannskapet at det ikkje lenger var fare for spreiing.
– Vi har slått ned flammane og fjerna dei nærliggande båtane. Vi har no rykt om bord for ettersløkkjing, opplyste vaktkommandør Sigurd Hadeland på 110-sentralen til BT.
Dette skjedde berre tre dagar etter at ein båt tok fyr i Vargavågen på Halhjem.