2500 år gamle pilspissar funne i Os
Denne veka vart pilspissar frå yngre bronsealder funne ved Luranetunet. Kommunen vurderer utstilling.
- Denne veka er det funne pilspissar ved Luranetunet der det var ein busetnad for 3000 år sidan, fortalte kommunalsjef Nils-Petter Borge til tenesteutvalet i dag.
Opp til 3000 år gamle
Funnet er datert til yngre bronsealder, som er ein periode som strekk seg frå 1100 f.kr. til 500 f.kr. Pilspissane kan altså vera heile 3000 år gamle, og er såleis noko av det eldste som er gjort av fornminne i bygda. Funnet er gjort av Bergen Museum som i desse dagar grev ut områda der den nye og utvida sjukeheimen kjem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laga utstilling?
Politikarane tykte det var spanande å høyra om funnet, og lurte på om det kunne vera råd å få på plass ei utstilling.
- Er dette noko som tilfaller Bergen Museum, eller er det noko me kan få i Os? Kan me få til ei lokal utstilling, spurde Gisle Hesjedal (Ap).
Nils-Petter Borge svara at han og prosjektsjef Tor Inge Døsen alt hadde tenkt tanken.
- Ja, no har me kanskje ein sjanse til dette til noko positivt. Me har jo vore ganske utolmodige med å koma i gang med utbygginga i påventa av at arkeologiske utgravingane skulle bli ferdige. Kanskje me kan laga nokre plakettar som viser kva som har blitt funne på dei ulike stadene i den ytre sansehagen. Me har jo også kongegrava like i nærleiken, sa Borge.
- Konkret historieundervisning
Med informative plakatar på kva som låg på dei ulike stadene, tenkte dei også på at dette kunne vore brukt i undervisningssamanheng.
- Dette er konkret historieundervisning. Me vonar at både barnehage, grunnskule og vidaregåande skule kan få nytte av noko slikt, sa Borge.