Julie Aakre Bratland og Sunniva Brendehaug var blant avgangselevane som deltok på Krafttak mot kreft i Fusa.
Julie Aakre Bratland og Sunniva Brendehaug var blant avgangselevane som deltok på Krafttak mot kreft i Fusa.

242.000 til Kreftforeningen

Søndag samla russen i Fusa inn 65.000 kroner til Krafttak mot kreft. I Os vart resultatet nesten 180.000 kroner.

– Vi er veldig nøgd med resultatet, seier Julie Aakre Bratland i russeaksjonsstyret ved Fusa vidaregåande skule.

Søndag gjekk årets Krafttak mot kreft-aksjon av stabelen i Os og Fusa. Nesten 160 russ var i elden i samband med aksjonen, og gjekk frå dør til dør i dei to kommunane for å samla inn pengar til Kreftforeningen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vart godt mottekne. Folk vil veldig gjerne støtta aksjonen, og dei som ikkje hadde kontantar, spurte om det var andre måtar å gje pengar på. Det var ei veldig positiv oppleving, seier Bratland.

Alt same kvelden som aksjonen fann stad, talte avgangselevane opp pengane og sendte dei vidare til Kreftforeningen. Bratland synest det er bra at deltakinga i Krafttak mot kreft er ein russeknute, og at Kreftforeningen på den måten klarer å engasjera så mange ungdomar.

– Det betyr mykje for oss å kunna bidra, seier ho og oppmodar samstundes komande russekull om å halda fram den gode jobben.

– Det er berre kjekt, seier ho.

– Knirkefritt

På Os vidaregåande skule samla 30 russ inn 38.050 kroner i kontanter i samband med søndagens aksjon. Ved hjelp av appen Vipps kom det også inn 15.000 kroner, altså 53.050 kroner til saman.

– Elevane har gjort ein kjempeinnsats. Alle kom når dei skulle, og alt fungerte greitt. Innsamlinga gjekk rett og slett knirkefritt, seier russepresident Henrik Vågen.

Russepresidenten ønskjer å rosa elevane ved Os gymnas som sytte for å samkøyra dei to aksjonane.

– Ved å invitera oss ned på gymnaset vart ting langt enklare. Vi fordelte område i lag med elevane frå Os gymnas, og sørgde dermed for at ingen gjekk på same stad, fortel Vågen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen som samla inn mest pengar, var Os gymnas. Her var heile 60 bøsseberarar i sving. Desse fekk inn i overkant av 125.000 kroner.

– Engasjementet og ståpåvilja til bøsseberarane var stort. Samarbeidet mellom aksjonsleiarane, bøsseberarane og dei to skulane var også veldig bra, seier russepresident Anders Skaar, som for øvrig var den av gymnasiastane som samla inn aller mest pengar. Nesten 7.000 kroner hadde Skaar i bøssa si då han runda av arbeidet.

– Hemmelegheita var å gå lenge. Og så hadde eg nok litt flaks med områda eg gjekk i også, seier russepresidenten.

camilla.kvamme@osogfusa.no