23 kundar manglar framleis straum på Skorpo i Nordstrøno
Det melder BKK på nettsida si.
Det som vert karakterisert som ein «omfattande feil» oppstod i uvêret laurdag kveld klokka 23.30, og vert ifølgje nettsida ikkje retta opp i før måndag 31. januar.
23 kundar er berørt av feilen i straumnettet på Skorpo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Også i Bahusstraumen på Kalandsseidet er det kundar som ifølgje BKK sitt kart over pågåande straumstans framleis manglar straum. Her er det snakk om tre berørte kundar. Feilen skal ifølgje nettsida vera retta innan klokka 18.