21 bustader oppå ny butikk på Halhjem?

Å etablera kombinert butikk/bustad-komplekset i Marivegen på Halhjem er omstridt, men fylkeskommunen er mildare innstilt enn Os kommune. No kjem saka til ny handsaming.

Os Hus AS er tiltakshavar for den private planen som snart kjem til politisk behandling. Føremålet er å regulera fleire eigedommar til ein ny butikk med 21 husvære på taket. Området ligg ved Marivegen, på motsett side Halhjemsvegen i forhold til Halhjem kafé.

- Svært utfordrande å blanda bustad og butikk

I sakshandsaminga er arealplanleggjar i Os kommune, Arne-Richard Stadaas, tydeleg på at kommunen har hatt ein del motførestillingar mot prosjektet. Kommunen har også vore i møte med planframstillar for å diskutera dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det å plassera husvære på taket av ein butikk som ligg så nær E39, er svært utfordrande. Lange opningstider, varelevering med tunge køyretøy, kundetrafikk og tekniske installasjonar som aggregat og søppelkompressor, gjer det vanskeleg å tilfredsstilla kommunen sitt mål om å sikra innbyggjarane sine gode bumiljø, heiter det i kommunen si vurdering.

- Fleire får gåavstand til butikk

Tiltakshavar har på si side argumentert med at fleire menneske vil få høve til å gå til butikken ved å etablera han i eit bustadområde. Dei meiner vidare at dette kan verta eit nytt nærsenter i området.

Planavdelinga tykkjer det er bra at fleire kan gå til butikken, men er mindre einige i at Marivegen er eit knutepunkt på Halhjem.

- Kommunen er ikkje einig i at Marivegen oppfyller kravet til å kunna reknast som eit nærsenter eller ein stad med vesentleg bustadkonsentrasjon, skriv Stadaas.

Men dei har likevel ikkje valt å stoppa planframlegget med bakgrunn i denne usemja.

- Det kjem av at det er registrert 1.650 person som bur i randsona til den nye butikken. Det tangerer kravet til kundegrunnlag som mellom anna Norgesgruppen har til dei områda dei skal etablera seg i.

Fylkeskommunen mildare innstilt

Os kommune har også hatt møte med Hordaland fylkeskommune for å få høyra regionale syn på saka. Der var skepsisen mindre.

- Hordaland fylkeskommune er ikkje så skeptiske som kommunen til slike løysingar, og me har difor valt å rå til at planen vert lagt ut til offentleg ettersyn, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plankonsulent ABO Plan & Arkitektur og Os kommune har dessutan kome til semje om kva tiltak som bør gjerast for husværa, slik at alle normer og krav til innemiljø vert oppfylte.

Opprinneleg vart det tenkt å ha uteareal for bebuarane på taket av bygningen, men no er det sett at eit område på bakkenivå til fri- og leikeområde.

Detaljreguleringa kjem til politisk behandling i plan- og bygningsutvalet neste torsdag.