Rekordhøgt: Smittetalet fredag er det høgste i kommunen så langt i pandemien.

19 personar smitta fredag: Ei av dei er mor til ein 8. klassing

Smittetalet fredag sprenger alle rekordar så langt for Bjørnafjorden kommune.

Totalt fekk 19 personar i Bjørnafjorden kommune påvist covid-19 i går, fredag 7. mai.

Det opplyser kommunen på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå før veit vi at 15 elevar på 8. trinn ved Os ungdomsskule er smitta.

Alle er nærkontaktar til andre smitta og var allereie i karantene.

Her pågår det smittesporing.

Dei andre smitta er:

* Kvinne i 40-åra. Føresett til smitta elev. Smittesporing pågår.

* Mann i 20-åra. Kjend smitteveg, smittesporing pågår.

* Kvinne i slutten av tenåra. Kjend smitteveg, nærkontaktar er varsla.

* Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg, nærkontaktar varsla.

* Kvinne i 20-åra. Kjend smitteveg, nærkontaktar varsla.