18 køyrte for fort
Utrykningspolitiet tok ei rekkje fartssyndarar under laserkontroll to stader i Os.
I går kveld gjennomførte UP laserkontroll i Os. I 50-sona på Lepsøyvegen var det i løpet av ein time fem personar som fekk forenkla førelegg.
- Den høgaste farten som vart målt, var 74 km/t, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flest ved Halhjem
Etterpå reiste utrykningspolitet til 50-sona på Halhjemsvegen (før ferjekaien).
- Her fekk 13 personar forenkla førelegg. Den høgaste målte farten her var 70, seier Hadler-Olsen.
I tillegg vart ein meldt for å ha køyrt utan gyldig førarkort. Ein patrulje stoppa dessutan ein bil med for stor vekt på tilhengaren enn kva denne var dimensjonert for.