17. mai nærmar seg: Ungdom i farga drakter `gjekk berserk´ på Øyro
Ei gruppe ungdomar i raude og blå drakter laga leven på Øyro tysdag.
Det var tysdag ettermiddag at Os & Fusaposten fekk tips om tumultar, skriking og sågar hysterisk latter i gata utanfor redaksjonslokalet i Os sentrum.
Rykta ville ha det til at ei gruppe ungdomar kledd i raude og blå drakter gav ungdomsskuleelevar ein våt tur til bussen. Ein mann i 40-årsalderen heldt til og med på å få ein stor vassdråpe på nasen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppdrag utført
Ein av dei blåkledde, ei jente som helst vil vera anonym, kalte oppdraget vellukka, og sa at dei no ville trekkja seg tilbake til Os gymnas.
Då dei sprang mot bilane som stod parkerte ved Tunet, var det fleire av dei som lo høglydt og triumferande som om dei rett og slett hadde hatt det moro.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no