Politiet måtte i løpet av natta ta hand om ein 17 år gamal gut som var rusa, nekta å oppgje personalia og slåss med patruljen. (Arkivfoto)
Politiet måtte i løpet av natta ta hand om ein 17 år gamal gut som var rusa, nekta å oppgje personalia og slåss med patruljen. (Arkivfoto)

17-åring sendt i arresten etter basketak med politiet

Ein 17 år gamal gut vil bli meldt for vold mot offentleg tenestemann og ordensforstyrring etter at han gjekk til angrep på politiet i natt.

Natt til laurdag måtte politiet rykka ut til eit arrangement på ungdomsshuset i Hegglandsdalen. Arrangementet skulle i utgangspunktet ha vore rusfritt, men då klokka nærma seg to måtte politiet visa bort tre personar på grunn av oppførselen deira.

– Oppdraget resulterte i at vi klokka 0316 pågreip ein 17 år gamal gut. Han nekta å oppgje personalia, og byrja å slåss med patruljen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Erik Thue, laurdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politipatruljen måtte be om hjelp frå ein anna patrulje.

– Guten heldt det gåande heilt til han kom i arresten. Det er usikkert kva han var rusa på, opplyser Thue.

Operasjonsleiaren fortel vidare at det vert oppretta ei sak mot 17-åringen.

– Han kjem til å verta meldt for vold mot offentleg tenestemann og ordensforstyrring.

Elles har det vore ei roleg natt i Os.

camilla.kvamme@osogfusa.no